Heim                              

Årsmelding 2004

 

Koret har hatt øving kvar måndag, og øvingane har følgt skuleruta.

 

Siste laurdagen i januar, hadde Koriander operadag i Flora samfunnshus. Dette var eit fellesprosjekt mellom alle kora i Flora. Leiar var den ”verdskjende” eidaren Michael Pavlich. Vi hadde ein utfordrande, travel og interssant dag. Under den storslagne framføringa om kvelden, markerte koret seg, som vanleg, denne gongen med fargerike hovudplagg, noko som vekte åtgaum. Dirigenten vår, Brigt, gjorde flott figur som solist.

 

I april deltok koret på vårkonserten til Steinhovdenkoret. Koriander leverte sakene sine godt og overbevisande.

 

17-mai gledde vi tilhøyrarane med sakral og fin korsong, både i otta på skuleplassen og i kyrkja under høgmessa.

 

Under eikefjorddagane hadde koret ei mindre heldig framføring på eurorasteplassen, der vi streva litt med å finne ”tonen”. Men tilhøyrarane applauderte.

 

30.okt.-04 var det stor feiring av Allhuset sitt 10 års jubileum.Der var vi sjølvsagt på plass med vakker korsong.

 

I nov.-04 kasta koret seg ut på djupt vatn, og slo til med Korsprell. Dei opphavlege revyplanane var lagde på is, men det vi kom opp med, fylde Allhuset vårt med folk,lått og trampeklapp. Ei vellukka tilskiping og ei eldprøve for materiell og utstyr.

 

Året 2004 vart avrunda med avskilssete for Brigt og Gro som skal vere borte i år. Ein stemningsfull slutt på eit kjekt korår.

 

1.febr.-05

 

Audun Solheim

Leiar

     

         Frå korsprellet                                               På Eurorasteplassen