Heim

ÅRSMELDING     2005

                      

Koriander har dette året hatt øving kvar tysdag, og øvingane har følgt skuleruta.Koret har hatt 25 medlemmar.

Styret har hatt møter 5 gonger i 2005, der vi har handsama ulike saker og laga aktivitetsplan.

 

Vår faste dirigent Brigt , reiste til Afrika for eit år.Vi var då så heldige at Inger Johanne tok på seg dirigentoppgåva, noko ho har klart med glans!

 

Koret sin fyrste opptreden i 05, var på årsmøtet til Eikefjord Grendalag 13.april.

Få dagar seinare,17.april hadde vi Vårkonsert i Allhuset vårt, saman med Steinhovdenkoret. Det var eit vellukka arrangement,både kormessig og økonomisk. Nøyaktig ein månad seinare, var det 17 mai feiring med opptreden på skuleplassen om morgonen og i kyrkja under høgmessa.

 

1.juli var det opning av RV5. Koriander stilte då med korsang både på den offisielle delen av arragementet, og under festmiddagen om kvelden.

 

Under opninga av Eikefjord Dagane 19.august, var koret på plass igjen. Denne gongen på vår vakre badestrand, med regnet høljande over oss!

 

30. oktober var vi bedt om å synge under ein basar på Allhuset vårt, der inntekta gjekk til gatelys Sørgard - Sunnarvik. Det stilte vi sjølvsagt opp på.

 

Helga 21-23 oktober reiste 12 av kormedlemmane til Davik på inspirasjonsseminar med Per Oddvar Hildre. Det var ei hektisk helg med øving, og med avslutningskonsert i Davik kyrkje. 110 korsongarar frå Bremanger og Flora let seg verkeleg inspirere! Vi tolv frå Koriander hadde eit minnerikt opphald på Rugsund Handelstad, med peiskos,gitarspel og stor songlede. Denne helga var så vellukka, at vi allereie har tinga Prots til Eikefjord hausten 2007!

 

Koriander sin aktivitet 2005 vart avslutta med Førjulskonsert i Eikefjord kyrkje 18.desember, i lag med Steinhovdenkoret og Brandsøykoret. Denne konserten vart veldig godt motteken. Dei ulike kora hadde fem framføringar kvar, og tre fellesnummer. Kristian Havn var solist, og både Steinhovdenkoret og Brandsøykoret hadde eigne solistar på ein del av songane sine. Vi vonar Koriander kan stille med ein habil solist på neste julekonsert!  Både publikum og dei andre kora har gjeve uttrykk for at dette må verte eit årleg arrangement. 118 vaksne og 23 barn løyste bilettar, det gjev ei inntekt på 3470 kr til kvart av kora.

Siste korøving før jul vart avslutta med litt kaffikos og gåve til Inger Johanne, med takk for at ho har vore ein god dirigent for oss i 2005.

 

 

Styret for Koriander dette året har vore:

 

Leiar                     Audun Solheim

Kasserar               Lidvin Øyra

Skrivar                  Borghild Ø. Standal

Materialforvalar     Ingrid Opdøl

Styremedlem         Elisabeth Solheim

 

 

Valmemd:

Asgeir Holsen

Siv Hopen

Ulf Stockhaus

 

 

Borghild Ø. Standal

        -skrivar-

 

 

   

                     Førjulskonsert                                               Opning ED                                                    Opning RV5