Årsmelding Koriander 2007

 

Gode songvener!

 

Nok eit tonerikt år ligg bak oss og det er tid for både ettertanke og visjonar. Korleis var eigentleg 2007? Makta vi å løfte oss litt eller stangnerte vi? Var repertoiret godt og blanda og gav deg dei utfordringane du hadde lyst på eller behov for? Kva med det sosiale? Gledde du deg vilt og uhemma til kvar øving eller sleit du med motivasjonen og hadde lyst å blåse Koriander ein lang marsj? Vel, spørsmåla er mange, men kanskje er det viktig å stille dei. På same måten som vi i dag skal sjå framover. Kva vil vi med Koriander? Er eg nøgd med å møte på øving når eg har lyst eller prioriterer eg med tanke på at når eg ikkje er der, manglar ei viktig stemme – som når ei av pipene i orgelet er ute av drift? Når du no sit på årsmøtet og tenkjer framover – kva ser du? At 2008 blir året då vi rykka opp ein ”divisjon”, eller er alt såre vel? Vel, dette er berre nokre av spørsmåla som melder seg hos ein leiar for eit fantastisk kor med eit stort potensiale og med ei varm sjel. Personleg er eg svært glad i koret vårt og,som eg før har sagt, eg vil ikkje misse ei øving. Gode vener – godt miljø – triveleg, slikt betyr mykje i ein hektisk kvardag,

 

Aktivitetsplanen for 2007 vart heftig drøfta på førre årsmøte. Det var meiningsbryting om aktivitesnivået og det er bra. Nokre meinte det vart for lite tid til å få grepet på sangane, andre hadde ei anna formeining. Uansett – engasjement er bra! Difor tok styret konsekvensane av dei signala som kom og la opp til eit ”rolegare” år i 2007. No skulle vi bli sikre der vi famla, og stø der vi var ”sure”. Heilt slik slo det ikkje til. Frammøteprosenten gjekk ned, og mange vinflasker skulle eigentleg vore innkasserteJ. Vi trudde vel at dette kan vi – og det er lenge til korpuben som var første opptreden etter jul. Difor lunka vi så småningom, utan å heilt finne gløden og engasjementet.

 

Korpuben vart likevel eit høgdepunkt.  Vi sender varme tankar til Jomentum og Brandsøykoret som stilte lystig opp. Song, dansa og drakk så det monna. Karaoke kan vere så ymist, men moro er det ,lell. Totalt sett eit konsept det er vel verdt å ta vare på.  Elles kan vi nemne at vi song på lysbasar i grendalaget sin regi 22. april.

 

Tanken om ein tur hadde slått rot utover etterjulsvinteren og alternativa var fleire. Frå det mest nærmunde og kanskje kummerlege til ”over de høie fjelde”. Men så kom hytta til Bjørndalen opp på lerretet. Det avgjorde saka. Beitostølen vart vårt store mål. Litt angst for korleis det ville vere å bu heimanfrå ei heil helg og sove saman med ukjende, melde seg. Men koristane beit tennene saman og sette seg frimodig på bussen. Saman song og drøstre vi oss, i fem stive timar, til Valdres og så var vi i gang. Og det vart ei uforgløymeleg helg. Mykje øving, god mat og litt drikke. Så oppglødde var forsamlinga over å reise på tur at det vart ei sterk øsing om å planlegge nye utferder, jamvel utanlands.

 

 

17-mai er ikkje så mykje å seie om. I år song vi som vanleg i kyrkja og på skuleplassen om ettermiddagen. Og songane var godt innøvde frå Beitostølen. Men utan at vi gjer noko meir ut av denne dagen(koret), blir det heile meir ei pliktøving. Korsang i friluft er kanskje for større kor? Kanskje bør vi vurdere å gjere noko nytt?

 

Haustsesongen starta med at vi song på opninga av eikefjorddagane.

 

Vi hadde store planer for ei familieframsyning med barnesangar og tablå/dramatisering, men etter som tida gjekk enda det heile som ”Julepresangen”( Alf Prøysen). Laurdags ettermiddag er definitivt ikkje tidspunkt for ei slik framføring og vi må ta andre grep. Men ideen er vel verdt å ta vare på.

 

Mykje arbeid vart lagt ned i organsiering og gjennomføring av protsseminaret den 19. – 21.10. Men det står ikkje på når både opplevinga og tilbakemeldingane vart så gode. Per Oddvar Hildre er magisk og timane flaug. Og skal ein tru det som blir fortalt er allereie mange CD-ar frå seminarkonserten utslitne. Det var vakkert. Protsen sjølv vart så oppglødd at han reiste frå både jakke og blomar, men den 16 – 18.10.09 samlast vi til nytt seminar i Eikefjord.

 

Etter ein ide av Mona Standal, prøvde vi oss med pubquiz på Allhuset. 8.sept.- 6.okt.- 10.nov.- og 29.des. Vi opplevde ei jamn stigning i oppslutnad, og det heile toppa seg med romjulsquizen. Dette er eit fint sosialt tiltak og ei ikkje ubetydeleg inntekstkjelde for koret. Det vi må gjere om vi skal halde fram med tiltaket, er å fordele arbeidet på alle i koret etter eit oppsett.

 

Julekonserten den 22. desember, var eit nytt opplegg. Denne gongen ønskte vi å satse på eigne musikalske krefter innan bygda. Det viste seg å verte eit fint samarbeid og vi kunne tilby ein variert konsert. I tillegg etablerte vi kontakt med Eikefjord sokneråd v/Anne Marit Karstensen om finansiering av nytt piano i kyrkja. Overskotet av konserten gjekk som bidrag til dette formålet og vi vil drøfte muligheitene for fleire tilskipingar silk at pianoet kan komme på plass snøggast råd er. Litt skuffa var vi nok over frammøte til konserten, men truleg skal vi greie å etablere ein tradisjon der julekonserten i kyrkja vert knytta så nær jula som mogeleg. Sender takk til Eikefjord skulemusikk, Andreas Taklo som alltid velvillig stiller opp for oss, Lisbeth Hovland, Kristaian Havn og barnekoret.

 

Styret ønskjer alle eit godt nytt songår!

 

Eikefjord 12.01.08

 

Audun Solheim

          leiar