Årsmelding Koriander 2011

 

Når eg no skal skrive årsmelding for 2011 er det med ei viss kjensle av panikk. Alle tidlegare år har Audun skrive årsmeldingar i reine kåserisjangeren. Det kan nok ikkje årets leiar ta på seg å gjere. Eg skal likevel prøve å oppsummere koråret 2011 etter beste evne.

 

2011 starta brått for koret 15. januar. I samband med at ein delfinale i MGP skulle arrangerast i Florø, vart Koriander invitert til å delta på ein korstafett. Den skulle starte i Eikefjord og ende opp på Torget i Florø. Stafettpinnen var sjølvsagt ein mikrofon. Vi song oss utover mot Grov, der vi veksla med Brandsøykoret. På Torget song vi to nummer åleine, og deltok i eit fellesnummer med dei andre kora: "Voi Voi". Det var kjekt, men noko kaldt og vått!

 

21. - 23. januar hadde vi kurs med den kjende dirigenten Peter Bom frå København, Danmark. Det vart ei helg med mykje aktivitet som koret ikkje var van med frå tidlegare korsamlingar. Dei fire verdshjørna, ansiktsmassasje og ”talking-stick” sit nok att i alle sitt hovud. Det vart ei kjekk, lærerik og utfordrande helg for kormedlemmene.

 

31. januar vart det halde årsmøte for Koriander på Allhuset. Det var som vanleg eit møte prega av mykje latter og gode diskusjonar. Noko spesielt denne gongen var at berre ein person ikkje var på val i det gamle styret. Det gjorde til at vi vart fire nye styremedlemmer for 2011. Desse var Kolbjørn Taklo, Anne-Grete Ramsdal, Laila Storehaug Øren og Mona Ø. Standal. Styret vil bemerke at det ikkje er heldig med så stor utskifting i styret på ein gong. Det hindrar kontinuitet, sjølv om det gamle styret skal ha takk og skryt for å ha vore i ja-modus for det nye styret!

 

Etter nedlegginga av Nærleiken gjorde koret vedtak om å starte opp att med pubquiz. Den første i 2011 vart arrangert 5. mars. Vi laga ei arbeidsliste for koret der koristane fordelte seg på dei ulike quizane i 2011. Dette må vi prøve å gjere noko betre i 2012! Påskequizen 20. april vart ein braksuksess med over 100 deltakarar. Denne gongen hadde quizvertinna lånt inn ein gjestequizvert, Thomas Fraas. Det var forhåpentlegvis kjekt for alle med ein litt annleis quiz.

 

Første opptreden på våren vart 17. mai, der vi tradisjonen tru song både i kyrkja og på skuleplassen. Koret var noko redusert i tal, men hausta mykje ros for fin klang! Det er kjekt å vite at vi kan klare oss godt, sjølv om vi ikkje er fullt kor.

 

I juni var vi invitert til å delta på songarstevne i Florø i regi av Brandsøykoret. Det stilte vi opp på, og fekk ein flott laurdag i Florø med tog, opptreden på Torget og opning av Florø Friidrettsfestival. Nokre kormedlemmer stilte også opp på bankett om kvelden med middag og underhaldning. Søndag deltok vi på kyrkjekonsert i Florø kyrkje og konsert i Flora samfunnshus. Denne gongen prøvde vi noko nytt musikalsk, med trekkspel som akkompagnement. Det fungerte veldig fint og vi rettar ei takk til Inge Reksten som stilte opp for oss denne dagen.

 

Vi hadde planlagt to quizar på hausten i tillegg til romjulsquizen. 8. oktober arrangerte vi quiz, medan den som var planlagt 19. november vart avlyst. Grunnen var at det såg ut til å verte veldig lite deltakarar.

 

Før ferien hadde vi eit slags ”oppvaskmøte” i koret. Det hadde vore lite aktivitet på våren, dårleg oppmøte på øving og fleire som tenkte på å slutte/ta permisjon. Koret konkluderte med at vi no MÅTTE gjennomføre noko skikkeleg til hausten. Det vart bestemt at vi skulle forkaste idèen om korsprell og heller satse på ein temakonsert. Temaet vart musikal. Og det må nok kunne kallast ei vitamininnsprøyting de lux. Etter litt att og fram på musikarfronten enda vi opp med Laila Beathe Førde, Dag Øyvind Rebnord og Eivind Kvamme som musikarar. Jarle og Steinar, som vi har hatt med tidlegare, kunne ikkje denne gongen. Vi var veldig spente på desse to nye, korleis dei ville passe saman med koret og kva dei stod for musikalsk. Vi øvde utover hausten og planla ei øvingshelg i Luster 28.-30. oktober. Her traff vi Dag Øyvind for første gong, og for ei oppleving. Dyktig pianist, triveleg person og i tillegg ein kløppar på data. Han lagde komp til låtane våre og brukte dei originale lydbileta. Det var utruleg kjekt for koret å oppleve. Vi hadde ei strålande øvingshelg med flotte buforhold, god mat og mykje sosialt samvere. Her vil eg rette ei spesiell takk til Reidunn og Silje som bidrog sterkt på underhaldningsfronten! J Einaste minus med lokalitetane var eit litt dårleg utstyrt kjøkken og litt lite øvingsplass.

 

12. november inviterte vi bygda til musikalkonsert med påfølgjande dans med ViTo. Til denne konserten tok koret eit nytt steg; vi song med eigne mikrofonar! Ekstra kjekt var det også at mange kormedlemmer stod fram som solistar. Det er godt å vite at vi har så mykje flinke folk i eigne rekkjer. Dag Øyvind hadde også laga eit multimediashow som komplimenterte konserten på ein flott måte. Vi gjennomførte ein bra konsert og hadde det kjekt i lag etterpå. Det som ikkje var så kjekt denne kvelden var eit heller dårleg frammøte av publikum. Med 85 selde billettar og kanskje 60 personar på dans, vart det ein økonomisk nedtur. Mykje av eigenkapitalen til koret vart brukt på denne konserten. Men vi trengde ei slik oppleving og kanskje var det vel brukte pengar?

 

Resten av øvingstida gjekk med til julestoff. Vi skulle for første gong ha ein julekonsert heilt åleine, og det stilte krav til fleire songar frå koret. Vi ynskte å gjere noko nytt til denne konserten. Koret vart delt i seks stemmegrupper og plassert på dei tre galleria, og framme ved alterringen. Der framførte vi ”Det kimer nu til julefest” og ”Mitt hjerte alltid vanker”. Det var ei spesiell oppleving og tilbakemeldingane frå publikum var gode. Kanskje skal vi gjere det ein gong seinare? Også til denne konserten brukte vi mange solistar frå koret. Ca 100 pers. møtte opp til konserten og tilbakemeldingane etterpå var gode, ein del meinte endåtil at det var den beste konserten Koriander hadde hatt!

 

Etter julekonserten tok Koriander juleferie. Likevel hadde vi eitt arrangement att: Romjulsquiz. Vi hadde laga til mange bord og handla inn rikeleg med drikkevarer; trudde vi! Etter at banketten for romjulssleiva var over, rann det inn med folk. Fleire bord og stolar måtte hentast og quizvertinna var eit augneblink uroa for om vi skulle få plass til alle. Det fekk vi, men vi sette rekord i tal deltakar: 130 personar! Det var god stemning heile kvelden og også ein rekordstor premiepott. Vi gjekk tidleg tom for raudvin og sjølv med henting i private lager vart det for lite. Folk tok det sporty og fann alternativ for ganen. Ei kjekk avslutning på koråret 2011.

 

Eg vil til slutt takke alle i koret for eit flott korår, for positiv innstilling og for kjekke opplevingar i lag. Håpar vi får eit like godt korår i 2012, der opera og ED-konsert peikar seg ut som høgdepunkt. J

 

 

 

Eikefjord, 9. januar 2012

 

 

 

 

_____________

Mona Ø. Standal

          leiar