Årsmelding Koriander 2012

Nok eit korår er over og det er igjen tid for eit tilbakeblikk på året som har gått. Vi starta friskt med årsmøte 23. januar. Vi debatterte høgt og lenge, men landa på ein årsplan med spanande innslag.

 

Første opptreden dette året vart «Absolutt Opera» 15. februar. Vi var mange som starta øvingane til dette, men var nok berre halvparten som kom i mål og vart med på konserten. Dette gjorde vi saman med Brandsøykoret. Det var krevjande å skulle lære seg tekstar på fransk og italiensk utanåt, og ein del gav uttrykk for at det var noko av grunnen til at dei datt av. For oss som gjennomførte var det likevel ei stor oppleving både som deltakarar og tilhøyrarar. Ein fullsett kinosal gav tydeleg tilbakemelding på at konserten fall i smak.

 

Neste post på programmet vart påskequiz onsdag 4. april. Over 120 deltakar var med og skapte ei flott ramme for kvelden.

 

Tradisjonen tru stilte vi også opp og song i kyrkja og på skuleplassen 17. mai. Det er alltid ei utfordring å synge utandørs, men vi lyt vel seie oss nøgde med framføringa. Dirigent Samdal omdisponerte seg sjølv til korist denne dagen, og koret hadde soleis ikkje dirigent når vi song på skuleplassen.

 

Elles gjekk våren 2012 med på øving fram mot kyrkjekonsert i samband med ED sitt ti-års jubileum. Som vanleg la vi opp til øvingshelg saman med musikarane Laila Beathe Førde, Jarle Grotle og Steinar Karlsen. Denne gjekk av stabelen 1.-3. juni i Sørbøvåg. Denne helga var prega av gode øvingsøkter, triveleg sosialt samvere og enkeltopplevingar som nok skapar latter hjå kormedlemmene endå! J

 

På oppfordring frå Eikefjord grendalag tok vi på oss å arrangere Jonsokfeiring i bygda. Dette var eit vellukka arrangement med, rømmegraut, kaker, tombola og båltenning. Kolbjørn spelte fele til brudefølgjet. Seinare på kvelden arrangerte vi midtsommarquiz på Allhuset. Det kunne nok gjerne vore endå fleire innom på dagtid, men alt i alt må vi seie oss nøgde med dagen. J

 

Etter ein velfortent sommarferie starta vi med friskt mot 13. august med intensiv øving mot kyrkjekonserten. Ei fullsett kyrkje og godt vêr var med på å gjere dette til eit høgdepunkt. Det var mange gode tilbakemeldingar frå publikum, noko som alltid gjev ein ekstra dimensjon til slike opplevingar. I tillegg til musikarane som var med på øvingshelga hadde vi med oss Grete Berntzen og Trond Strand frå Bremanger. Alle musikarane våre gjorde som vanleg ein glimrande jobb.

 

4. september hadde tidlegare bass i Koriander, Leif Raasok, feiring av sin 75 års dag på Allhuset. Vi var førespurde om å synge for jubilanten, noko vi sjølvsagt takka ja til. Vi fekk både mat og drikke, og nokre av oss var der ut i seine nattetimar. Jubilanten vart overraska og uttrykte takksemd for at vi kom. Vi har også fått eit flott takkekort i ettertid.

 

Elles gjekk hausten med til øving fram mot musikalkonsert. Hausten 2011 hadde vi musikalkonsert på Allhuset med nye musikalske krefter. Dag Øyvind Rebnord og Eivind Kvamme, i tillegg til Laila Beathe Førde, var med på å gjere det heile til ei kjempeoppleving for koret. Det var så kjekt at vi hadde lyst til å gjere det ein gong til. Vi inviterte difor Svelgen songlag til å vere med oss og gjere denne konserten i Bremanger og Svelgen. Dei takka ja, og heiv seg over repertoaret. I tillegg fekk vi ein Brodway-medley som dei hadde hatt før. Laurdag 22. september var vi samla til fellesøving på Allhuset. Det vart ei god økt med øving og vi oppdaga at dei to dirigentane våre, Brigt og Grete, utfylte kvarandre på ein framifrå måte!  

 

Så kom endeleg helga og vi reiste til Svelgen fredag 19. oktober for å øve saman med Svelgen songlag og musikarane. Deretter reiste dei fleste av oss til Knutholmen der vi fekk mat og overnatting i flotte omgjevnader. Laurdag 20. oktober starta vi tidleg med øving og generalprøve i Bremangerhallen. Det vart ein lang dag, men var vel verdt det. Konserten gjekk veldig bra og i overkant av 100 personar møtte fram for å få den med seg. Kvelden avslutta vi på Knutholmen med havets festbord og sosialt samvere. Søndag 21. oktober reiste vi til Svelgen for å bu oss til den siste konserten. Det vart ei flott oppleving med masse publikum og god stemning. I overkant av 150 personar møtte fram for å høyre oss. Det var utruleg kjekt å få jobbe i lag med Svelgen songlag og stemninga i Koriander har vore at dette er noko vi kunne tenke oss å gjere igjen. Dette var også første gongen Koriander var ute i sponsormarknaden og henta midlar. Utan denne støtta hadde vi nok ikkje greidd å forsvare det økonomisk. Vi enda faktisk med eit overskot på nærare 6.000 kr! J

 

Resten av seinhausten og førjulstida gjekk med til øving mot julekonsert. I år hadde vi den saman med Eikefjord skulemusikk fredag 21. desember. I tillegg hadde vi Lisbeth Hovland med på piano og orgel og Andreas Taklo på piano. Han hadde to solo-innslag. Også Victoria Russøy, som syng i barnekoret, framførte ein solo-song. Nærare 150 personar møtte fram og var med å skape ei stemningsfull stund i kyrkja.

 

Det siste arrangementet i koråret 2012 var romjulsquiz 28. desember. Vi sette ny rekord med 149 deltakarar, noko som gjer dette til eit viktig arrangement, både sosialt og økonomisk.

 

Til slutt vil eg gjere meg nokre tankar om plussar og minusar i året som har gått, sett frå leiar si side. På pluss-sida var det det eit år med mange kjekke aktivitetar, nye bekjentskapar og gode sosiale treffpunkt. Vi har lært mange nye songar under trygg leiing av ein dyktig dirigent.

 

På minus-sida er det ein ting som prega koråret 2012: Stort fråvere! Det vart diverre eit år med mange permisjonar, dårleg oppmøte på øvingane og plutselege forfall til opptredenar vi hadde tatt på oss. Det er sikkert mange gode, og mindre gode, grunnar til dette, men problemet er at det skapar mykje frustrasjon for dei som «alltid» møter opp, for dirigenten som stadig må repetere det vi har øvd på og for styret som skal passe på at alle får dei beskjedane dei skal, og stadig må ha nye opptellingar på kor mange vi faktisk er.

 

Eg avsluttar difor årsmeldinga med eit ønskje om at dette vert diskutert på årsmøtet, slik at vi unngår at koråret 2013 gjev oss same utfordring.

 

Då takkar eg alle for godt samarbeid i 2012 og ser fram til mykje moro i jubileumsåret 2013.

 

For styret 21.01.13

 

_____________________

Mona Ødegård Standal

Leiar