Konsert i Eikefjord kyrkje søndag 21. desember 2008

Søndag 21. desember arrangerte Koriander julekonsert. Det var kun lokale musikkrefter i sving denne kvelden representert ved Eikefjord skulemusikk, Kristian Havn, Steinar Karlsen, Andreas Taklo, Katrine Langedal og Lisbeth Hovland. Det vart ein flott inngang til jula.

 

Ca. 150 mennesker hadde trossa storm og regn og kom til julekonsert i Eikefjord kyrkje. Det vart ein variert og stemningsfull konsert. Først ute var Eikefjord skulemusikk (dirigent: Fay Løvseth) med "Angels Anthem", "Julekveldsvisa" og "When a child is born". Det er eit imponerande nivå på korpset, med ei stor perkusjonsavdeling og dyktige blåsarar. Med nye flotte uniformer er dei i tillegg ei fryd å sjå på.

Etter Eikefjord skulemusikk var det klart for Eikefjords store gitarist, Steinar Karlsen. Han framførte "Bjelleklang" og ei eigenkomponert låt med namnet "Vintervals". Det er alltid flott å høyre Steinar spele gitar, og han hausta mykje ros for kveldens opptreden.

Så var det duka for Koriander som framførte "Nordnorsk julesalme", "Mitt hjerte alltid vanker", "Sov no Maja Mor" og "Ding, Dong! Merrily on high". Vi var heldige og fekk tonefølgje av Lisbeth Hovland på dei tre første songane. Ho spelar alltid med trygghet, noko som smittar over på oss.

Så kom opptredenen som nok hausta mest applaus i kyrkjelyden. Andreas Taklo framførte "Sonate i D-dur 1. sats" og "Etyde i ess-dur". Utan notar, og med eit tempo som kunne ta pusten frå dei fleste, leverte han glimrande pianospel!! -"Det er berre å gløyme Andsnes og dei gutta der når ein har ein slik kapasitet i bygda", sa ein tydeleg imponert Brigt Samdal etterpå.

Så var det klart for Eikefjord skulemusikk igjen, som spelte "Glade jul", etterfulgt av "O, Helga natt", med Brigt Samdal som solist. Det er ikkje mange songarar med eit slikt spenn og volum som Brigt, og han hadde ikkje problem med å trenge gjennom lydmuren av messingblåsarar og slagverk, sjølv utan mikrofon!! 

Kristian Havn er ein annan dyktig songar, som saman med Lisbeth Hovland (orgel) og Katrine Langedal (horn) serverte publikum "Bereden veg för Herran" og "Indulce jubilo". Det var vakker musikk og Kristian imponerte nok ein gong med stemmeprakt og unik stemmekontroll!

Siste bolk av konserten var det Koriander som stod for. Vi framførte "Det kimer nu til julefest", "Himlen i min famn" (tonefølge av Lisbeth Hovland) og "Joy to the world".

Det heile vart avrunda med at skulemusikken, Koriander og ein ståande kyrkjelyd song "Deilig er jorden".