Koriander song på kongeleg festkveld!

Tysdag 5. september var vi så heldige å få lov til å synge under den kongelege festkvelden i Flora samfunnshus, der kronprins Haakon Magnus og kronprinsesse Mette Marit var gjestar.

                                                    (Foto: Firda)

Måndag 4. september møtte vi opp til general- og lydprøve i Samfunnshuset. Det var ein spent gjeng som skulle samkøyrast med musikarar, solistar og lydmann. Generalprøva gjekk tåleleg bra og det var difor eit optimistisk kor som møtte opp festkvelden.

Songen vi framførte var "Sommerfuggel i vinterland" av Halvdan Sivertsen.

Vi var så heldige å få med oss musikarane Eilif Vårdal, Arne Sunnarvik og Laila Beathe Førde.  Som solistar hadde vi Brigt og Gro, som og hadde med seg borna Trygve og Idun på siste refreng.

      

Som kjent var heile familien busett i Malawi i eitt år, der dei jobba for Fredskorpset. Under framføringa gjekk det eit lysbileteshow på storskjerm med bilete frå tida deira der. Draktene dei hadde på seg under framføringa kjem også frå Malawi.   

Etter responsen å dømme var det ein vellukka opptreden. Sokneprest og leiar i Kultur og oppvekstutvalet, Odd Stubbhaug, sa det på denne måten til Firdaposten:

"Her var mange fine innslag. Men eikefjordingane greip meg mest. Det var nok mange som kjende det på same måte etter familien til Brigt Samdal og Gro Rukan si fine tolking av "Sommerfuggel i vinterland" av Halvdan Sivertsen, med solid støtte frå Koriander, eikefjordingane sitt eige bygdekor. Her var det kort til tårene, særleg etter at ungane deira, Idun (8) og Trygve (5) kom inn på scena og song saman med foreldra."

Foto: Laila Anita Schonhardt