Konsert i Florø kyrkje søndag 26 oktober 2008.

”Stor konsert for lite publikum i Flora kyrkje søndag kveld”, stod det å lese på nettsida til Firdaposten. Det er nok ei rett framstilling! Dei som fekk med seg denne konserten har berre hatt lovord å kome med. ” Eit kor i stadig utvikling”, ”nydeleg korklang”, ”proffe musikarar” og ”kjempeflinke solistar” er berre nokre av kommentarane som har falt. Sjølvsagt kunne vi ynskt oss litt meir publikum, men med alle arrangementa som var i Florø denne veka og helga så er vi nøgde.

Per Christian song "Everyone needs a friend sometimes"

Denne konserten skulle opprinneleg ha vore i Bremanger kyrkje, men sidan den kolliderte med eit anna arrangement der, vart den flytta til Florø. Kanskje hadde vi samla noko fleire tilhøyrar der, med både bremangarar og berlarar i band og kor?

    

              Laila lærar publikum deira strofe i songen "Bak neste sving"      Koriander i lag med Olaug på "Dreams to remember"

Konsertrepertoaret var det same som vi hadde på årets eikefjorddagar, og sjølvsagt med dei same dyktige musikarane og solistane! Ekstra glad var vi då Olaug melde frå at ho stilte som solist, sjølv om ho nett var komen heim frå fødeavdelinga! Det står det respekt av.

Olaug Alvheim i kjent stil!

For koret var det ei STOR oppleving å få synge i Florø kyrkje. Akustikken og klangen som dette rommet gjev, er sjeldan! Dirigenten spurte spøkefullt om koret ville ha noko i mot å køyre til Florø for å ha korøving kvar måndag. :-)

 

                                       Ein godt nøgd dirigent                                               Vår gode gitarist Steinar Karlsen 

Vil vil takke publikum for at dei kom å høyrde på, og at dei tok utfordringa med å vere ein del av ”storkoret”.

Link til biletserie i Firdaposten

Til slutt eit lite bilete av tre ukonsentrerte altar:-) (Heldigvis under øving)