Heim

Korkafe i Brandsøy 26. mars 2006

26.mars var vi invitert som gjestekor på korkafeen til Bransøykoret. Det vart ei kjekk stund med fin song og musikk. Koriander hadde denne søndagen "urpremiere" på songen "Gud, hvor du er deilig". Det var ei artig oppleving for oss, og voneleg også for gjestane.

I ettertid las vi på heimesida til Brandsøykoret at dei i iveren hadde lodda ut sylteglasa til Brandsøy skule. Vi fekk oss alle ein god latter. (Fin den,Laila!)

 

      

                 Frå framføringa av "No kjem ein vals",                                                     Koriander

         der vi var så heldige å få med oss Kiril på trekkspel.

      

                                                          Brigt og koret syng "Vi vandrar saman".

      

                 Rune og Ingvill frå Brandsøykoret syng                                Brandsøykoret og dirigent Anna 

                  "Ka e du redd for" i ein nydeleg duett.

 

Alle bilete: Laila Schønhardt