Korpub på Allhuset vårt 20.05. 06

For fyrste gong i historia arrangerte Koriander korpub. Kva det skulle verte, var i byrjinga litt usikkert. Men etter mykje tankeverksemd landa vi på eit konsept som vi er veldig godt nøgde med. Vi bestemte oss tidleg for å invitere Brandsøykoret og Jomentum til Eikefjord. I tillegg var det ope for alle. Og mange fann vegen til Allhuset vårt denne kvelden. Det var sett ut stolar og bord til 140 personar,  men det synte seg tidleg at det vart for lite. :-) Det er vi strålande nøgde med!! 

I løpet av kvelden fekk vi sjå og høyre korsong, ulike sketsjar, amerikansk auksjon og EM i karaoke. Brandsøykoret fekk æra av å "starte ballet". Dei song: "Tourdion" (dansk versjon), "April", "Stranden", "Brevet" og "Slutkôr" "Brevet" var songen som sat klistra i hovudet på gjengen som reiste til Florø for å høyre Theodorakis- konserten. Det var kjekt å høyre den igjen!

Neste kor ut var Jomentum. Liste over deira songar kjem...

Til slutt var det Koriander sin tur. Vi starta med den sjølvskrevne songen "Sunnfjord 2020" som var laga til korsprellet vi hadde i 2004. Deretter song vi: "Blinkskudd" (Ei verd som er vår), "Bort allt vad oro gør", "Trickle, trickle", "Gud, hvor du er deilig" og "Dans, dans og drikk". 

Under den amerikanske auksjonen vart det auksjonert bort fruktkorg (gjeve av ICA), utekrukke med blomar (Annsolei), spekeskinke (Spar) og gåvekort tur/retur Florø-Bergen (Fjord1). I tillegg gav Brandsøykoret oss to gåvekort med reise for 4 personar tur/retur Oslo-Fredrikshavn, som vi auksjonerte bort. Tusen takk skal de ha!! 

I samband med EM i karaoke var det på førehand sett ned ein "hemmeleg" jury. Desse fulgte dei håpefulle karaokesongarane med argusauge. Etter eit heftig jurymøte, vart det kåra ein vinnar i dame og- herreklassa. I dameklassa var det Olaug Elise Alvheim som gjekk av med seieren. Som premie fekk ho ei lampe gjeve av Eikefjord Elektro. Kurt Midtbø vann herreklassa, og kunne med det innkassere eit dusjgarnityr gjeve av Eikefjord Rør. 

I baren var det trøkk frå fyrste stund og den nylanserte Korianderdrinken gjekk som "varmt kveitebrød." Dette vart ein artig kveld med nokre planlagde og mange overraskande innslag. Tusen takk til Brandsøykoret og Jomentum for kjempeflott korsong og for mange kreative bidrag. Det sette vi pris på!! :-)

 

Vår dyktige styreleiar opna det heile og introduserte fyrste kor ut: Brandsøykoret.

 

          

Brandsøykoret var redusert til 12 denne kvelden, men leverte med glans!! Nina og Kai song "April" med overbevising.

 

         

                   Brigt og Kolbjørn som omreisande "emiserar",                   Jomentum var utan dirigent denne kvelden, utan at 

                 på jakt etter ein plass å bu. Glimrande framført!!                     det gjekk an å merke. Som alltid dyktige!

 

               

                                 Asgeir gjer entrê i stor stil                                         Våre eigne "Lidl-kara" med Kolbjørn i spissen.

 

 

 Foto: Laila Anita Schønhardt   

 Koriander var siste kor ut denne kvelden.

                                                                                                                                             

                                                                                 

                                                  Vår ass.dir Inger Johanne. Er det rart vi smiler når vi opptrer?? :-)

 

             

Publikum fekk vi også:-)

 

                            

              Våre trufaste bartendarar Silje og Kjell-Magne                      Vegard i kjole, syng duett med Truls. (Jomentum)          

                

Ivrige karaokesongarar diskuterer låtval:-)

             

  Kai og Aileen song vakkert "Something Stupid"                     Reidun og Audun song "Up where we belong". Flott.

 

          

Foto: Laila Anita Schønhardt

                    Mona og Eva prøvde seg på Believe av Cher.                 Kurt (Brandsøykoret) dramatiserte Sønnavindsvalsen.

 

          

                            Foto: Laila Anita Schønhardt

Vinnarane av EM i karaoke vart Kurt Midtbø (til venstre) frå Jomentum og Olaug Elise Alvheim (her i duett med Kjell)

 

Så var det klart for opprydding og heimreise. Gro og Brigt har rydda og samla eigendelar.