Korseminar med Prots i Davik

21-23 oktober reiste ein delegasjon på 12 frå Koriander på korseminar med Per Oddvar Hildre. Det heile vart arrangert i Davik, med øving i Davang ungdomshus, mat på Davik skule og avslutningskonsert i Davik kyrkje. I tillegg til oss var det 6 andre kor frå Flora og Bremanger som hadde funne vegen til Davik denne helga. Arrangør av den vellukka korhelga var Bremanger Sang-og musikkråd, lokalt vertskap var Davik Songlag.

Med på konserten var også panfløytegruppa Altiplano og pianist Jarle Grotle.

 

Mona, Ingrid, Audun, Ulf og Brynhild slappar av i sola før konserten.

 

Vi bestemte oss for å tilbringe helga på gamle Rugsund Handelsstad. Det angra vi ikkje på. Her var det du kunne ynskje deg av nostalgi. Vi sovna til lyden av bølgjeskvulp og lukta av tjære.

 Rugsund Handelsstad er ei av perlene på kysten

 fleire bilete av Rugsund Handelsstad

 

           

Vi samla oss i Bakeriet til song og musikk fredagskvelden. Med fyr i peisen vart det god stemning rundt bordet. :-)

            

Kolbjørn "The guitarman", Ulf og Brynhild                                                         Aud og Borghild nyter kvelden.

            

                                       Kva skal vi synge no?                                                              Gjengen samla på Butikkloftet laurdags kveld.

           

Diskusjonen går rundt kjøkkenbordet:-)                                                                 Let du deg friste , Lidvin? :-)

 

Det heile vart ei god vitamininnsprøyting for alle som deltok. Difor var vi raske med å tinge Prots til å halde korseminar i Eikefjord hausten 2007. Det er berre å gle seg.:-)

 

Sjå omtale i Firdaposten her