Kyrkjekonsert eikefjorddagane fredag 15. august 2008

 Endeleg var det klart for konserten som vi hadde øvd til i eit halvt år. Med dyktige musikarar, solistar, dirigent og lydmann pluss eit heiltent kor, var ramma lagt for ein flott konsert.

Tidleg i juni var koret samla til øvingshelg i Værlandet saman med musikarane. Dette la nok mykje av grunnlaget for konserten. Vi tok ein velfortent sommarferie, og møtte friske og opplagde til øving måndag før eikefjorddagane. Det vart øving kvar kveld denne veka, og torsdag var det klart for generalprøve. Som seg hør og bør, var det litt smårusk å rette på før den store dagen.

Alle bilete er frå www.eikefjord.net

       

Siste finpuss

       

Konsentrerte musikarar

Vi var i forkant veldig spente på kor mykje publikum som ville komme. Gleda var stor når vi ankom kyrkja og såg at den var "fylt til randen".

Vêrgudane var også på vår side denne kvelden, så alt låg til rette for ei god oppleving.

Og det vart det! :-)

Ein blid og spent dirigent før konsert.

 

       

                                            Koriander i aksjon                                                    Audun solist på "Oh, happy day!"

 

       

                         Laila Beathe solist på "Wayfaring stranger"                                   Brigt solist på "Lean on me"

 

       

                   Olaug med sjølvskriven song "Dreams to remember"        Per Christian solist på "Everyone needs a friend sometimes"

 

       

                            Anne Grete solist på "Gabriellas song"                     Laila Beathe spelte vakkert saxofon på fleire av låtane

 

        

                                          Ein engasjert dirigent!!                                          Steinar gleda oss med flott gitarspel!

 

       

                          "Kolbjørn han spela og fela ho let" (godt)                                 Jarle, som alltid dyktig på tangentane

 

        

                                         Gitarsoloane stod i kø!                            Ingen god konsert, utan god lyd! Finn Åge dyktig som alltid!

 

Steinar hadde arrangert "Voggesongen hass Anders Palen" for fele, sax, gitar og orgel. Nydelig!!!

 

        

Koriander takkar alle som kom på konserten. Det var eit fantastisk publikum å få opptre for:-)

 

Laila Beathe hadde laga låta "Bak neste sving" spesielt til konserten. Der hadde ho skrive ei eiga strofe for publikum.

 

       

Heiltente og blide koristar:-)

         

 

Stor honnør til solistane våre som vi er så stolte av, og til musikarane som vi er blitt så glade i!

Tusen takk til lydmennene som alltid gjer det trygt og godt for oss å opptre.

Takk også til vår eminente dirigent, Brigt! Godt jobba! :-)

Dette var ei fantastisk oppleving for oss!!!!

Alle bilete er frå www.eikefjord.net