Heim

Om oss

Koriander er eit blandakor som vart skipa i januar 2003, og er såleis eit ungt kor. Vi ynskjer å vere eit krydder i kvardagen, derav namnet Koriander. For tida er vi 32 medlemmar i alderen 25 til 71 år. Dirigent for Koriander er Brigt Samdal. Vi er og så heldige at vi har Inger Johanne Sørbø(alt) som ass.dirigent.

Årskontingenten er kr.1000,- men kan betalast i to avdrag, vår og haust. Koret er medlem i Norsk Sangerforum, som er ein landsomfattande organisasjon for kor i Noreg.

Øvingane har vi på Allhuset vårt kvar måndag frå kl. 20.00 til kl. 22.00.

I koret har vi ein lett og omgjengeleg tone. Vi ynskjer sjølvsagt å verte så gode som mogeleg songmessig, men det skal ikkje gå ut over den gode stemninga og det sosiale samkvemet i koret.  Dette fungerer særs godt og vi vil gjerne ha fleire medlemmar som delar dette med oss. På damesida er vi godt representert, men skulle gjerne hatt med fleire menn. Så er du ein songglad mann; kom til oss!!!

Ved opptak i koret vert det gjennomført stemmeplassering i lag med dirigenten.

Reportoaret til koret er alt frå : viser, salmar, folketonar og pop. Med andre ord, noko for ein kvar smak.