Øvingshelg i Luster 28.-30. oktober 2011

Etter ein heller roleg vår for Koriander konkluderte koret med at vi no MÅTTE gjennomføre noko skikkeleg til hausten. Det vart bestemt at vi skulle satse på ein temakonsert.

Temaet vart musikal.

Etter litt att og fram på musikarfronten enda vi opp med Laila Beathe Førde, Dag Øyvind Rebnord og Eivind Kvamme som musikarar.

 

Vi øvde utover hausten fram til denne øvingshelga i Luster. Her traff vi Dag Øyvind for første gong, og for ei oppleving. Dyktig pianist, triveleg person og i tillegg ein kløppar på data. Han lagde komp til låtane våre og brukte dei originale lydbileta. Det var utruleg kjekt for koret å oppleve.

Vi hadde ei strålande øvingshelg med flotte buforhold, god mat og mykje sosialt samvere. Her vil vi rette ei spesiell takk til Reidunn og Silje som bidrog sterkt på underhaldningsfronten! J

 

 

 

Ein opplagt, blid og førebudd dirigent losa kor og musikarar trygt gjennom helga!