Årsmelding 2011

Godt folk!

Ja, i år drog det litt ut før vi endeleg greidde å samle oss til årsmøte. Men no sit vi her, forventningsfulle og spente på kva eit nytt år med Koriander vil kunne by på. Vel , det vil tida vise. Truleg maktar vi å finne rosiner til pølsa i år også.  Men, lat oss fyrst gå attende å sjå kva vi hadde på tapetet i året som no ligg bak oss.

Det store oppdraget i 2010 var sjølvsagt konserten på Eikefjorddagane. Så vi tok ikkje mål av oss til å rekke så mykje anna. Under vikardirigent Lisbeth si kyndige leiing og med musiske personar i noteutvalet, fekk vi rimeleg raskt på plass eit repertoar som let seg høyre. Vi unngjekk sjølvsagt ikkje brytningane mellom dei som ville ha meir fart og futt og dei hine. Men heller ikkje denne gongen vart det sverdslag og basketak.

 I vårhalvåret skjedde det lite.  Vi hadde ein svipptur til Steinhovden 31.januar og deltok på KOA sin søndagskafe.  Og så skulle vi eigentleg til Skei på koresminar med Skeivaskoreret, men kom aldri så langt. Vi trivst beste heime så i staden hadde vi øvingslaurdag  med litt begersvinging på  Nærleiken , påfølgjande kveld/natt.  Der er det få som sler oss. Elles øvde og øvde vi og song nasjonalsongar då den tida kom. Hadde det ikkje vore for turen til Bakkevik Brygge, hadde det første halvåret vore unemneleg. Men sjå berre, når ein stakkar slepp ut, om det ikkje skapar både glede og forargelse.  Uansett. På Novelandet har dei i ettertid heilt slutta med stamplauging og annan ekstremsport. Men tar du turen dit, kan du i ein glasmonter sjå utstilt ei lyseblå herretruse  storleik XX-XL  og ei tånagl. Elles vart det også tid til litt øving og alle tykte det hadde vore ein fin tur J

9.august kasta vi oljehyra og fann tonen saman med ”husbandet” Jarle, Laila B og Steinar. Det var tid for konsert. Og konserten på eikefjorddagane var nok ein gong ei oppleving.  Stor takk til Frøydis Grorud, Grete Berntsen, ”Husbandet” og alle andre gode hjelparar. For  tilbakemeldingane etter konserten 13. august var svært gode. Vi er nok på mange måtar eit band-kor. Sjølv om vi denne gongen visst nok greidde oss godt “apapella”.

Med fynd og klem  og full av oppsamla energi frå Hamna og dei fire verdshjørna, stod Brigt på nytt midt i blant oss. Det kjendes godt sjølv om vi hadde hatt eit flott år med Lisbeth.  Av ein eller ana grunn har det blitt eit varemerke for Koriander å utsetje planlagde gjeremål til seinare. Har vi eit tett program blir vi stressa, har vi lite på tapetet – blir det smått stell. Og som gode sunnfjordingar må vi “ete fyst”.  Så aktivitetsplanen har vore vanskeleg å følgje.

No skal det seiast at helgheimjubileet vestanfor Kanalen, forkludra ein del. På eitt tidspunkt hadde vi nesten stilt opp, men kom til sans og samling i siste liten og melde avbod.

Men julesongar er vi gode på, så jul med din glede og  barnlige lyst, prega øvingane frå september til ut mot den søte juletid. Jukekonserten 19 desember vart fin og veldig variert. Fleire unge talent fekk sleppe til, og denne gongen rådde vi grunnen åleine.

Voi,voi…! Det nye året starta med MGP hysteri i lokale media og stor aktivitet i den lokale song og musikkverda. Og trass i rykt om boikott og svikefull åtferd i jubileumsåret, vart Koriander invitert til å delta i promotering av galskapen. Og som det framoverlente og spontane koret vi er( berre vi får tenkt oss om), tok vi  både utfordringa og mic’n på strak arm og sklei oss på glattholska like til Grov. Alvorlege nestenulukker  skal ikkje nemnast her, men dei som hadde høve til å delta, vart ei oppleving rikare. 

Så kom Peter Bom. Og med splitthopp og “talking stick” gav han koret den moderne versjonen av Johannes openbaring. I trioheile dagar fekk vi musikalsk og spirituell påfyll og truleg kom vi ut av denne helga som både betre menneske og songarar. Kjekt var det i alle høve, og omkvedet er at dette kan vi tenkje oss meir av.

Sidan det er siste årsmeldinga eg skriv, vil eg nytte høve å takke for tilliten i mange år. Koriander er viktig og eg ønskjer det nye styret lukke til med arbeidet. Eg kan berre seie: Yes, we can…I love you all…and remember to walk the beautyway.

Audun