Pubquiz 6. oktober 2007
Laurdag 6. oktober kl. 22 hadde 7 lag møtt opp til pubquiz på Allhuset. Det vart ein artig kveld med mykje latter og løyer. Quizvert for kvelden var Mona Ø. Standal som losa deltakarane gjennom 40 oppgaver av variert art. Her var ein innom det meste: lokale spørsmål, historie, musikk, geografi, film, sjukepleie og ganske mange andre kategoriar. At "Portugisisk krigsskip" er ein brennmanet vil nok ikkje deltakarane gløyme med det fyrste. ;-)
Anette, Caroline og Silje var, saman med Borghild og Anne-Len, på sølvlaget "Tilslørte blondepiker"
Etter dei fyrste 20 oppgåvene fekk alle ei velfortjent pause som vart nytta til toalettbesøk, innkjøp i baren og anskaffelse av "frisk luft" på utsida av huset.
Når alle hadde svart på 40 spørsmål var det tid for retting og kåring av vinnarlaget.
Fyrst var det kåring av beste lagnamn. Det var ei vanskeleg oppgåve, då det denne gongen var mange artige lagnamn.
Til slutt fall valet på "Ullete humle-høner med fossande hane" (Leni, Julie, Marianne, Vigdis og Jan) som vann ei gratis runde i baren.
Premiepotten var denne gongen på 640 kr.
Den var det Lett blanding "Beje me leikja" som vann. Laget bestod av: Arnt, Irene, Jan Magne, Anne Ma og Odd Asle. Det vil sei at "Lett blanding" (Med nokre utskifta lagmedlemmar) har vunne begge quizane til no.
Vinnarlaget er framme for å motta premiepotten. Ryktet seier at pengane går inn i eit "fond" som skal nyttast til ein betre middag på restaurant for lagmedlemmene.
Neste sjanse til å utfordre vinnarlaget vert 10. november.
Desse laga deltok:
Lett blanding "Beje me leikja" (Arnt, Irene, Jan Magne, Anne Ma, Odd Asle)
"Tilslørte blondepiker" (Anette, Caroline, Silje, Borghild, Anne-Len)
"Amigos Luros" (Benedikte, Berit, Roy, Inger Johanne)
"Femtedivisjonen" (Sølvi, Kjell Magne, Trine, Gunnvor, Vigleik)
"Riset bak speilet" (Jan, Ingvild, Randi, Audun, Maja)
"Endestaurane.no" (Lars Terje, Magnar, Arne, Per Øyvind)
"Ullete humle-høner med fossande hane" (Leni, Julie, Marianne, Jan, Vigdis)
|