Theodorakis og gresk aften i Samfunnshuset

 

29.april la Koriander ut på busstur til Florø. Brandsøykoret skulle ha Theodorakiskonsert, og slikt kan ein ikkje gå glipp av. Det var ein feststemt og spent gjeng som sette seg i bussen kl. 18. Temperaturmålaren i bussen synte 28,5 grader. Når ikkje airconditionen verka, vart det ei passande oppvarming til gresk aften. :-) Kinosalen var fullsett og ryktet sa at nokre uheldige måtte returnere heim utan billett. Det vart ein flott konsert vi fekk høyre, av eit kor som tydeleg hadde øvd mykje i forkant. I tillegg var det fleire av kormedlemmane som debuterte som solistar denne kvelden, med stort hell. Dei hadde også med seg 4 dyktige musikarar på bass, gitar, piano og bouzouki. Koret sin dirigent Anna Michalska framførte også ein song denne kvelden. Det heile var stemningsfullt, med lykter, roser og lysbileteshow.

 

Etter konserten gjekk vi til festsalen i Samfunnshuset der gresk mat og drikke stod på menyen. Det vart ein del ventetid og kø, men maten og stemninga var god.

 

Kvart på to sette vi oss i bussen og køyrde mot Eikefjord igjen. Det var ikkje til å unngå at la,la,la,lalalalala la,la,la lalalalala (Brevet) vart gjennomgangsmelodien på veg heim.J  Vi takkar Brandsøykoret for ei fin oppleving og gledar oss til neste treff som vert vår eigen korpub 20.mai.

 

 

   

                         Dei "sørifrå" ventar på bussen                                            Ein blid, om enn varm gjeng

 

   

Vi tok ei luftepause på Grov medan vi venta på Kolbjørn og Brynhild (som sprang så fort beina bar dei) :-)

 

  

                            Ein blid og andpusten Kolbjørn                                       Då var alle ombord i bussen

 

  

                Ingvill Torvanger opna konserten med "Toget"                  Kai Rønvåg framførte "En sång om frihet"

 

  

          Rune Ludvigsen og Frode Tonheim med songen "Brevet"     Tre av musikarane som var med på konserten

 

  

               May Britt Strømmen og Bjørn Angell-Jacobsen           Gjengen er klar for middag. Lars,Borghild og Silje

 

  

                                  Ivrig prat over bordet                                                Liv og Inger K. kosar seg

 

  

                             Kolbjørn Randi og Audun                                           Ass. dir. Inger Johanne Sørbø

 

   

                    Berit og Arne var godt nøgde med maten                                            Ragnar og Aud

 

  

                             "Uffe" og Unni smiler breidt                                Oddvar i godt humør etter ein vellukka kveld

 

  

                Vår kjekke bussjåfør for kvelden, Anne Berit                        Asgeir og Aud syng, på veg heim i natta